in tekst

Henrik Wergeland

Henrik Wergeland er kjend som mannen som starta 17. Mai. Vel, no kan ein ikkje seie at han starta datoen, men heller feiringa på datoen, nemleg feiringa av Noregs eige Grunnlov. Han er også godt kjend for si feide med Johan Sebastian Welhaven, samd at han kjempa for underklassa i Noreg.
Henrik Wergeland vart fødd 17. Juni 1808 i Kristiansand. I sjuårsalderen flytta familien til Eidsvoll, ein stad som fekk mykje å seie for Henriks dikting. Dessutan var far hans, Nicolai, ein av mennene som lagde grunnlova i 1814. Dette var nok med å skape unge Wergalands meiningar omkring riket (sjå lenger ned).
Henrik Wergeland vart oppdradd etter Rousseaus prinsippar, noko som tyda at han fekk anledning til å spørje om alt det han lurte på. Ein kan tro at dette gjorde det mogleg for han, som eit «medlem» av overklassa, og bli så samfunnskritisk som han vart. Han støtta jødane, og hadde jødesaka oppe i Stortinget fleire gonger. Seks år etter hans død, vart jødeparagrafen fjerna, og til og med i dag legg jødar framleis blomster på grava hans 17. mai. Han skrev dikta Jøden og Jødinden, samt skriftet Jødesagen i det norske Storthing.
Han arbeida for dei fattige, og var fleire gonger i rettsoppgjør med folk som hadde trakassert fattige menneskjer. Desse sakane tok på Wergelands økonomi, men det viser kven som hadde noko å seie for han.
17. mai var også en sak som opptok han. Wergeland ble arrestert under Torgslaget i 1825 for å ha vært for nasjonalistisk. Han fekk norske barn til å gå i tog, og lagde også sangen «Småbarnas nasjonalsang.»
Han kritiserte også unionen Noreg hadde med Sverige, han var kanskje den som arbeida mest for eit sjølvstendig Noreg, og, vil eg meine, framleis den mest berømte republikanaren Noreg har hatt. Vi veit at Wergeland trudde på eit samfunn der fridom og likskap herska, altså to av hovudparolane frå den Franske revolusjonen (Fridom! Likskap! Broderskap!)
Det herskar lita tvil i at han brydde seg om det som skjedde elles i verden også. Det befriede Europa ble skrevet etter julirevolusjonen i 1830, ein hyllest til de revolusjonære, men også om reaksjonen etterpå og Polens nederlag, i Cæsaris. Bolivar ble skrevet som anerkjenning av den sør-amerikanske frigjøringshelten Bolivar (eg husker diverre ikkje kva fornavnet hans er) I 1835 skrev han Den indiske Cholera, eit «jambe-drama frå striden mellom inderne og dei engelske undertrykkarane.»
«Om Engelland og Indien, Vold og Trældom i vore Fædre slaaes saa Himlen grues — o Sami, det er nok, om kun eet engelsk og indisk Hjerte elske, til at faae den atter til at smile over Jorden.»
Wergeland var viktig for det norske språket, og han ble på fleire punktar ein forløpar for Knud Knudsen. Han er den forfattaren som har brukt flest forskjellige ord i sine verk. 58.000 ord har han brukt (elles er Knut Hamsun på andre plass, med ca. 30.000). Han bytta ut mange danske ord, med liknande norske, dessutan laga han eit par. Ein trur at det er Wergeland som laga uttrykka husflid og Ola nordmann.
Dei fleste som har gått på ungdomsskula veit at Henrik Wergeland var ein moderne diktar, han brydde seg ikkje om reglar om rim og liknande. Han starta med dette i det 720-sidarsverket Skabelsen, Mennesket og Messias, eit verk som, i følgje nokon, hvis det hadde vorte skreve på engelsk, hatt like mykje å seie for menneskeheita som Darwins utviklingslære (dei som seier dette, er sjølvsagt frå Noreg, men likevel, det går ann å tenke seg kva det har/burde betydd).
Wergeland trudde på samanheng i tilværinga. Han meinte at ånden i naturen var synleg for dei som kunne sjå den. Ein diktar skulle sjå, og tolke det vidare til ord. Og han burde helst skrive det opp med ei gong, ikkje tenkje over kvart einaste ord. Det er også difor ingen andre diktarar har klart å skildre naturen så bra som Wergeland.
Hans mest berømde verk er som nemnt, Skabelsen, Mennesket og Messias, Digte. Første ring, Jan van Huysums Blomsterstykke, Campbellerne, For Arbeiderklassen og For Allmuen.
Henrik Wergeland døde 37 år gammal, i 1845. Da hadde han rukke å skrive 9000 trykte sider, samt og bli ein av Noregs mest kjende personar gjennom alle tidar.
No er eg trøtt, så kva er vel betre enn å avslute med eit dikt som heiter God natt, av Wergeland.

God natt! God natt!
Kryp under ditt dekken,
Med nelliker stukket, med roser besatt,
Med sølhvite blader fra bringebær-hekken!
Imorgen igjen, hvis Gud så vil,
Vekkes du op av fuglenes spill.

Kjelder:
http://www.dokpro.uio.no/wergeland/innhold.html – alle tekstane skreve av Henrik Wergeland
Hovedlinjer
Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon av 1979
——————————————–
Skrevet av meg 3. april 2001.

Write a Comment

Comment

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.